Takk til alle som bidrog på Natrudstilrennene i helga!

Postet av Søre Ål IL den 13. Des 2017

Arrangementet vart vel gjennomført med totalt 1397 startande, og TD Torbjørn Broks Pettersen og Robert Granseth var tilfreds med innsatsen til Søre Ål IL og Ringsaker Almenning. Spesiell takk til Torbjørn som med sin kunnskap og erfaring losa oss gjennom diverse element/moment for FIS-renn. Brødrene Johannes og Jan Arne Haukåssveen gjorde som vanleg ein solid jobb med løyper og servering for oss. Utfordringar dukka opp undervegs, m.a. uvarsla dopingkontroll fredag og søndag, men med litt fleksibel bruk av mannskap kom vi oss velberga igjennom. 

Med eit såpass stort renn bak oss er vi ei erfaring rikare som arrangørklubb, men vi har naturleg nok enda ein del å lære. Eg ønskjer derfor gjerne attendemelding frå funksjonærar om forbetringspotensial i løpet av denne veka. Vi vil også prøve og samle rennkomitéen før jul for å oppsummere/evaluere arrangementet. Økonomien i prosjektet har vi ikkje full oversikt over nå rett etter rennet, men klubbkassa må nok rekne med merkbar påfyll.

Mvh Bjørn Horten

Rennleiar, m. 472 57 814




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline